Fossen Camping

Koselige hytter med spektakulær utsikt over den kjende Geirangerfjorden
Eit opphald hos oss er det perfekte utgangspunktet for ditt besøk i Geiranger

Velkomen til Fossen

Fossen Camping i Geiranger ligg idyllisk til med spektakulær utsikt over den kjende Geirangerfjorden. Geirangerfjorden er på UNESCO si verdsarvliste og er ein av dei mest kjende fjordane i Noreg.

Fossen Camping ligg rett ved FV. 63 omlag 3 km frå Geiranger sentrum, med flott utsikt mot fjell og fjord. Gangavstand til det kjende utsiktspunktet Flydalsjuvet (omlag 1 km) og eit flott utgangspunkt for mange fine turar i området, slik som Vesteråsfjellet, Løsta og Storsæterfossen.

Hyttene våre har god standard med eige bad, godt utstyrt kjøkkenkrok, terrasse med sittegruppe og grill. Alle einingene har TV og tilgang til WiFi.

Bestill eit opphald

Bestill opphaldet ditt

Velg overnatting som passar dine behov. Bestill opphaldet ditt i vår bookingkanal.

Sjølvbetjening

På ankomstdagen vil du motta den digitale nøkkelen din som gjev deg tilgang til hytta/ huset ditt. Personale er ikkje tilgjengeleg på staden.

Innsjekk/ utsjekk

Innsjekking er etter kl. 15.00. Utsjekking før kl. 11.00. Rengjer hytta/huset ditt, ta ut søpla og fjern sengetøyet før du reiser.

Hyttene våre

Hytte med 1 soverom

Denne hytta har 1 soverom med plass til inntil 3 personar. Soverommet har ei familiekøye (dobbeltseng + enkeltseng). Sengetøy og handkle er inkludert i opphaldet. Bad med dusj og toalett. Kjøkkenkrok med komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap med fryseboks. Sittegruppe, flatskjerm TV og spisebord. Terrasse med sittegruppe og grill. Spektakulær utsikt over den kjende Geirangerfjorden.

Hytte med 2 soverom

Denne hytta har 2 soverom med plass til inntil 5 personar. Soverom 1 har ei dobbeltseng. Soverom 2 har ei køyeseng med to enkeltsenger og ei ekstraseng. Bad med dusj og toalett. Kjøkkenkrok med komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap med fryseboks. Sittegruppe, flatskjerm TV og spisebord. Terrasse med sittegruppe og grill. Spektakulær utsikt over den kjende Geirangerfjorden.

Opplev Geiranger

Spektakulær utsikt - Nær naturen - Bra beliggenheit

Ofte stilte spørsmål

Innsjekk etter kl. 15.00. Utsjekk før kl. 11.00.

Nei, vi har ikkje nokon resepsjon eller personale tilgjengeleg på staden. Det er sjølvbetjening og digital inn- og utsjekk. Du kan kontakte oss via kontaktskjemaet her på sida.

Den næraste flyplassen er Ålesund lufthamn, og det er omtrent 2,5 timers kjøretur fra flyplassen til Geiranger. Dersom du kjører bil frå ein av dei større byane i Noreg, her er nokre forslag til ruter: 

Vegen frå Grotli til Geiranger er vanlegvis open frå midten av mai/tidleg i juni til oktober. Ver venleg å sjekke oppdatert informasjon om vegen. her.

OsloFølg E6 til Otta, deretter fortsett på rute 15 mot Stryn. Før du kjem til Stryn, må du ta av på rute 63 frå Langvatn til Geiranger. 
Estimert tidsbruk: 6 timar (ref. Google Maps)
TrondheimFølg E6 via Dombås til Otta og fortsett på rute 15 mot Stryn. Før du kommer til Stryn, bør du ta rute 63 fra Langvatn til Geiranger. 
Estimert tidsbruk: 6 timar (ref. Google Maps)
BergenFølg E39 til Stryn og fortsett på rute 15 mot Langvatn. Deretter fortsett på rute 63 mot Geiranger. Forventa tid: omlag 7 timar. (kjelde: Google Maps)

Den næraste flyplassen er Ålesund lufthamn, og det er omtrent 2,5 timers kjøretur fra flyplassen til Geiranger. Dersom du kjører bil frå ein av dei større byane i Noreg, her er nokre forslag til ruter: 

Oslo

Alternativ 1: Følg E6 til Dombås, deretter ta E136 til Åndalsnes og fortsett til Sjøholt. Frå Sjøholt følgjer du rute 650 til Linge og tek ferga over til Eidsdal. Frå Eidsdal følgjer du rute 63 over fjellet til Geiranger. Denne vegen er open heile året. Forventa tid frå Oslo til Geiranger: 10 timar. (kjelde: Google Maps)

Alternativ 2: Følg E6 til Otta og deretter følg rute 15 til Stryn. Frå Stryn følgjer du E39 og rute 60 mot Hellesylt. Ferga frå Hellesylt til Geiranger går heile året.. For rutetider og prisar sjå: https://www.thefjords.no/fjordcruise/. (ref. Google Maps)

Trondheim

Alternativ 1: Følg E6 til Dombås, deretter ta E136 til Åndalsnes og vidare til Sjøholt. Frå Sjøholt følgjer du rute 650 til Linge og deretter tek du ferja til Eidsdal. Fortsett på rute 63 til Geiranger. Forventa tid: omtrent 7 timar. (kjelde: Google Maps)

Alternativ 2: Følg rute E39 til Molde, ta ferga over til Vestnes og fortsett til Sjøholt. Frå Sjøholt følgjer du rute 650 til Linge og deretter tek du ferja til Eidsdal. Fortsett på rute 63 til Geiranger. Forventa tid: omtrent 7 timar. (kjelde: Google Maps)

BergenFølg rute E39 via Førde til Stryn og fortsett til Hellesylt via rute 60. Ferga frå Hellesylt til Geiranger går heile året.For rutetider og prisar sjå: https://www.thefjords.no/fjordcruise/.. Estimert reisetid: omlag 9 timar. (ref. Google Maps)

Ja, det er ein daglegvarebutikk som ligg i sentrum av landsbyen ved fjorden. I sommarmånadane er den open kvar dag, men frå oktober til midten av mai er den stengd på sundagar. Opningstidene varierer gjennom året.

Ja, handkle og sengetøy er inkludert i opphaldet for di bekvemmeligheit.

Nei, kjæledyr er ikkje tillatt inne i hyttene/husa.

Nei. Før avreise forventar vi at du vaskar hytta, tar oppvasken og sett på plass alt, tømmer hytta for søppel og tar av alle sengkle. Dersom dette ikkje blir gjort vil det komme til eit gebyr på kr. 500,-.

Kontakt oss
Please enable JavaScript in your browser to complete this form.
Namn