Geiranger

Geirangerfjorden

Ein sightseeingtur på fjorden er definitivt eit "must" når du besøker Geiranger! I sommarmånadane er det mange alternativ når du utforskar fjorden - med kajakk, RIB-båt, ferge eller sightseeingbåt. Les meir om alternativa og bestill turen din nedanfor. 

Explore Geiranger

Explore Geiranger tilbyr adrenalinfylte aktivitetar og opplevingar. Klatre langs Geirangerelva og fly over fossefall med zip line. Dei tilbyr og rappellering med spektakulær utsikt over Geiranger. Meir informasjon og booking av aktivitetar nedanfor.

Geiranger Skywalk Dalsnibba

Opplev dei fantastiske utsikta over Geiranger 1500 meter over havet! Du kan køyre heile vegen til toppen av fjellet. På toppen finn du ein butikk og kafé. Vegen er vanlegvis open frå seint i mai/tidleg i juni til seint i september/tidleg i oktober. For prisar og opningstider, sjekk lenka nedanfor. 

Fjellturer

Geiranger har mange vakre turar å by på! Gå opp til gamle fjellgardar langs fjorden eller til toppen av eitt av fjella rundt Geiranger. Uansett kvar du går er utsikta spektakulær! I lenka nedanfor vil du finne nokre tips til flotte turar.

Union Bad & Spa

Med imponerande 1500 m22 med velvære kombinert med vakker utsikt over Geirangerfjorden, er Union Bad & Spa ein av Noregs beste spa. Unn deg litt velvære i vårt nydelege spa for å slappe av og få ny energi. Spaet er open for dagbesøk. Klikk på lenka nedanfor for meir informasjon.