Hytte med 1 soverom
Hytte med 1 soverom
- 25 m2
- Maks 3 personar
- 2 senger (køyeseng 2 +1)
Denne hytta har 1 soverom med plass til inntil 3 personar. Soverommet har ei familiekøye (dobbeltseng + enkeltseng). Sengetøy og handkle er inkludert i opphaldet. Bad med dusj og toalett. Kjøkkenkrok med komfyr, mikrobølgeovn og kjøleskap med fryseboks. Sittegruppe, flatskjerm TV og spisebord. Terrasse med sittegruppe og grill. Spektakulær utsikt over den kjende Geirangerfjorden.
Sengetøy og handkle er inkludert. Gratis parkering ved hytta. Gjesten må reingjere hytta, ta ut søppel og ta av sengkle før avreise. Om dette ikkje er gjort vil gjesten bli belasta med eit gebyr på kr. 500,-.
Sjølvbetjente hytter med digital inn- og utsjekk. Innsjekk frå kl 15.00, utsjekk før kl. 11.00. Kjæledyr er ikkje tillatt inne på hyttene.
Velkomen til eit avslappa opphald!
Opphaldet inkluderer
- Innsjekk frå kl. 15.00. Utsjekk før kl. 11.00
- Digital nøkkel - fleksibel tilgang
- Fjordutsikt og terrasse med sittegruppe
- Privat bad med dusj
- Utstyrt kjøkkenkrok
- Family bunk bed - sleeps 3
- WiFi
- Parkering ved eller i nærleiken av hytta
- Sengetøy og handkle